Gå rundt i det nye biblioteket

Det nye biblioteket på Forum Jæren byrjar å ta form. No er veggene oppe, og Møbleringsplanen for nye Time bibliotek i perspektivi oktober 2010 blir det opning. No kan du sjå korleis vi tenkjer å utforme 1. etasje.

Interiørarkitekt Martha Lundesgaard har ein svær jobb med å ta utgangspunkt i våre ynske og krav for det nye biblioteket, få plass til alle bøker, gje godt rom for folk og sjølvsagt: det skal sjå fint ut!

No har me fått laga ein presentasjon der du kan vandra omkring i biblioteket og sjå korleis me ser det for oss.

Innhald: Fila inneheld ein 3D-modell av 1. etasje med møblering. Det som er på plass er alt som gjeld bibliotekinnreiing, grupperom og studieceller. Det som manglar er butikken til Garborgsenteret og ting som datamaskiner og skjermar i resepsjonsområdet. NB: bokhyllene kjem ikkje til å vera så tomme når vi har flytta inn!

Korleis bruke fila: Dette er ei exe-fil, trykk “kjør” eller “run” når du får spørsmål om det. Fila er stor, så det kan litt tid før ho dukkar opp. Du brukar piltastane til å flytte deg att, fram og sidelengs. For å vri deg rundt må du bruke musa. Vil du sjå teikninga i fugleperspektiv trykkjer du på “backspace”-tasten. For å avslutte: trykk på “Escape”-tasten og trykk på “Quit” nedst til venstre i skjermbiletet.

Animasjonen er laga av Asplan Viak.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: