Innsida av det nye huset

For å gjera det lettare å kommentera teikningane kan du sjå dei samla i to ulike postar. Denne for innsida og denne for fasaden. Det er ei forklaring under kvart bilete, med informasjon om kva som er tenkt rundt dei ulike elementa.Time bibliotek og Nasjonalt Garborgsenter

Generelt så kan me seia at me tenkjer mest mogleg samdrift mellom biblioteket og Garborgsentret. I utgangspunktet ynskjer me felles opningstider, felles resepsjon og ein del felles funksjonar elles. Samstundes må me ha høve til å kunna dela av areal dersom det skulle enda slik at biblioteket har stengt på sundag og Garborgsentret på måndag, som ikkje er uvanleg i bibliotek- og museumsverda.

For å sjå bileta i fullformat er det berre å klikka på dei. Dei er særs store, du kan regulera storleiken i nettlesaren din.

Time bibliotek og Nasjonalt Garborgsenter

Her kan du sjå grunnfordelinga mellom biblioteket og Garborgsenteret. Dei lilla areala er det som er berre bibliotek, dei grøne er det som er berre Garborgsenter, medan resten er fellesområde i større eller mindre grad. For å ta høgd for ulike driftsmodellar blir det lagt inn områdeskile som gjer det mogleg å ha biblioteket ope medan Garborgsenteret er stengt og omvendt. Fellesområda blir tilgjengelege same om ein eller båe held ope.

1. etasje
Dette er 1. etasje av huset. Området til høgre for den oransje sjakta er eit fellesområde som kjem til å innehalda felles resepsjon for biblioteket og Garborgsenteret, og truleg turistinformasjonen òg. Jærmuseet skal driva kaféen, medan biblioteket kjem til å ha avis- og tidsskriftavdelinga i det området. Det skal vera to likeverdige inngangar, både frå nord (torget framom høgblokka) og sør (inngang frå det framtidige parkeringshuset). Dette gjev utfordringar når det gjeld universell utforming og enkel tilgang til resepsjonen for svaksynte. Trappa er ganske spesiell. Det blir ei brei trapp opp til ein avsats (repos). Frå avsatsen kan du velja mellom å gå “nordover” mot kontorfløya og føredragssalen eller “sørover” mot Garborg-utstillinga og  biblioteket si ungdomsavdeling. På vestsida av 1. etasjen har me tenkt å plassera ei studieavdeling og stillesone, med grupperom, studieceller og eit stillerom. Lokalavdelinga kjem òg til å bli plassert i nærleiken av studieavdelinga.

2. etasje
2. etasje inneheld grovt sett fire ting: Garborg-utstilling, personalareal, biblioteket si ungdomsavdeling og ein større møtesal/føredragssal. Som nemnt over så deler trappa seg i to. I tillegg kjem det til å gå ei bru over, slik at det går an å koma seg frå heisen og over til kontoravdelinga og den store møtesalen. Sidan Garborgsentret har unge vaksne som ei hovudmålgruppe, planlegg biblioteket òg å leggja si ungdomsavdeling ved sidan av. Sidan det blir inngangspengar for å gå inn i Garborgutstillinga må me laga ei sluse for billettkontroll. Legg merke til dei blå felta på teikninga. Der er det ope ned til 1. etasje. Det er fyrst og fremst for å gje betre lys ned til 1. etasje. I tillegg gjev det høve til spennande utstillingar. Det kjem t.d. til å bli ein 8 meter høg vegg frå golvet i 1. etasje til taket i 2. etasje på venstre side av lokalet. Dersom veggen blir kvitmåla blir han ein flott vegg både for digitale utstillingar og meir tradisjonelle utstillingar. Trappa som snor seg frå 1. til 2. etasje kjem truleg til å henge frå taket, og blir som eit arkitektonisk smykke i rommet. Samstundes må ein då finne ein måte som gjer at svaksynte unngår å kollidere med henne. Det er mange omsyn å ta!

Under ligg det nokre bilete som syner kva høve ein har til å dela av areal ved ulik opningstid.

Dei farga areala er tilgjengelege når biblioteket er ope og Garborgsentret er stengt
Dei farga areala er tilgjengelege når biblioteket er ope og Garborgsentret er stengt.

Garborgsenteret ope og biblioteket stengt.
Her er Garborgsenteret ope og biblioteket stengt.

Dagens bibliotek samanlikna med det nye
Til slutt: dagens bibliotek samanlikna med det nye – 620 m2 mot 1600m2.

Posta under Bygg, Interiør . 2 Comments »

2 kommentarar to “Innsida av det nye huset”

  1. Fasadane på det nye huset « Time bibliotek og Nasjonalt Garborgsenter 2010 Says:

    […] kommentarar Innsida av det nye huset « Time bibliotek og Nasjonalt Garborgsenter 2010 on Fasadane på det nye husetHelge Risvand on Nye teikningar presentertgauteakagarborg on […]

  2. Johnb163 Says:

    I do trust all of the ideas you’ve presented in your post. They’re very convincing and can certainly work. Nonetheless, the posts are very short for beginners. May just you please lengthen them a bit from next time? Thanks for the post. cegbfgddfddg


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: