Fasadane på det nye huset

Her kan du sjå korleis det ligg an med fasadane no. Er du meir interessert i kva som skjer på innsida kan du sjå her. Det har vore mange ulike framlegg til fasadar. Tre ulike vart presentert i 2007, medan ein våren 2008 tenkte mest på glas kring heile huset. Det viste seg vanskeleg å gjennomføra, m.a. på grunn av skjerpa energikrav i den nye byggjeforskrifta.

Fasade mot nordFramlegget som ligg føre no har framleis ein del glas, elles er bygget tenkt dekt av plater med ein arkitekturvev av stål utanpå. Denne arkitekturveven skal òg leggjast på utsida av vindaugo på sørsida som vern mot sola. På veggen bak stålveven vonar ein då å kunna trykkja Garborg-tekstar for å synleggjera at dette både er eit Garborghus og eit bibliotek. Sjå fleire teikningar med forklaringar under. Klikk på teikningane for å få større utgåver. Dei er særs store, så reguler storleiken i nettlesaren din.

Områdeoversikt

Her er heile Forum Jæren-området. Biblioteket/Garborgsenteret er det blå bygget ovanfor den gule sirkelen der det står “Ny videregående skole”.

Oppriss sett frå Hetlandsgata

Her er biblioteket/Garborgsenteret bygget som ligg til venstre for høgblokka. Det heng saman med høgblokka med ein gang mellom 2. etasje i dei to bygga. Om du går og ser på området i dag, får du eit bilete ved å sjå dei to nedste etasjane på høgblokka, så høgt blir biblioteket/Garborgsenteret. Lenger til venstre er eit fyrste utkast til dei vidaregåande skulane som er planlagt ferdig i 2014.

Fasade mot nord
Her er fasaden som han er tenkt mot nord. Det kvite feltet til høgre markerer overgangen til høgblokka. Her er det ein god del glas i både 1. og 2. etasje, og den eine inngangen ligg til venstre i biletet her. Rutene her er ikkje dekte med arkitekturvev, sidan det ikkje er sol på denne sida. Her skin Garborg-tekst gjennom frå veggen bak arkitekturveven.

Fasaden frå vest og sør

Til venstre er fasaden sett frå vest, dvs. frå jernbanen. Til høgre er fasaden sett frå sør. På vestsida ønskjer me å ha ein naudutgang som òg kan brukast som inngang til studieavdelinga. På den måten kan vonleg studentar få utlevert eit nykelkort som gjev dei tilgang utanom biblioteket sine vanlege opningstider. På sørsida er det tenkt eit stort glasfelt litt til venstre for midten. Dette skal dekkjast med arkitekturvev. Frå utsida vil det gå litt i eitt med veggen, sjølv om ein sjølvsagt ser at det ikkje er tekst der. Frå innsida vil det vera god sikt ut. Utfordringa er å sleppa inn lys, men samstundes ha solskjerming. På høgresida av bygget blir det ein inngang på nivå med det planlagde parkeringshuset. Det er òg tenkt ein gangveg langsmed sørveggen.

Fasaden sett frå aust
Her er fasaden sett frå Hetlandsgata. Her er det lite glas i 1. etasje, det er eit spørsmål me kjem til å ta opp med arkitektane.

Døme på fasade
Her er eit døme på korleis arkitekturveven kan sjå ut på eit bygg.

Snitt gjennom biblioteket/Garborgsenteret
Her har me fjerna veggen og ser inn i biblioteket/Garborgsenteret frå nord. Her kan du sjå ein underetasje. Den er stort sett ikkje biblioteket/Garborgsenteret sin, me skal berre ha teknisk rom der. Det vil òg vera ein undergang frå nedste etasje i parkeringshuset til høgblokka.

Visualisering av biblioteket/Garborgsenteret frå søraust
Heilt til slutt: slik kan det sjå ut om nokre år når alt er ferdig! Sjølve huset skal stå ferdig sommaren 2010, medan området sør for huset kjem til å vera ein byggjeplass noko lengre p.g.a. arbeidet med parkeringshuset og dei vidaregåande skulane.

Posta under Bygg . 1 Comment »

Ei tilbakemelding to “Fasadane på det nye huset”


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: