Kva gjer andre?

Time kommune er ikkje den einaste kommunen som skal ha nytt bibliotek. Deichmanske bibliotek, folkebiblioteket i Oslo, har planlagd nybygg i mange år, etter å ha vore 75 år i eit bygg som eigentleg aldri vart ferdig. Fyrst skulle dei til Galleri Oslo, der Oslo Bussterminal og Akershus fylkeskommune ligg i dag. Så var Vestbanen under planlegging i mange år – før byrådsleiar Erling Lae og kulturminister Trond Giske i vår fann ut at dei skulle leggja omtrent alt av kultur til Bjørvika i nærleiken av den nye operaen.

Tord Høivik, fyrsteamanuensis ved bibliotek- og informasjonsstudia ved Høgskolen i Oslo, er ein ivrig bloggar og bibliotekdebattant. Han understreker at medan biblioteket før i stor grad stod i motsetnad til industrisamfunnet sine produksjonsmåtar, bør biblioteket vera i sentrum for samfunnet som utviklar seg no: kunnskapssamfunnet. Som han seier det på bloggen sin:

Den andektige stillheten er borte. Bibliotekene tilhører tekstbransjen, og kultur har blitt en næring. Bibliotekene er lastet med kunnskap, og kunnskap er vårt viktigste bidrag til økonomisk vekst.

Biblioteket er altså ikkje “berre” ein plass der arbeidsfolk kan finna rekreasjon (sjølv om det er viktig nok), men ein stad der du òg kan henta kunnskap som kan vera med og utløysa kreativitet i lokalsamfunnet! Slik blir både det fysiske og det virtuelle (dvs. internettbaserte) rommet viktig, og biblioteket både ein kultur- og kunnskapsinstitusjon.

Kva meiner du? Korleis kan det nye biblioteket vera med på å auka kvaliteten på ditt arbeid?

Ressurs: SK 36/08: Nye tanker om Nye Deichman

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: