Endring av bloggen

Etter som biblioteket opna for nokre månader sidan og me no har fått det aller, aller meste på plass så skal denne bloggen endra karakter. Frå å vera ein blogg som handlar om nybygg, blir det meir ein plass der me presenterer ulike små og store nyhende frå biblioteket. Terskelen for å leggja ut noko skal vera lågare enn på den offisielle heimesida, til dømes kan det bli lagt ut ei sak når vi får nokre særleg spennande bøker, nye tenester og andre ting.

Føremonen med blogg framfor Facebook er at han er open for alle. Samstundes blir det som er publisert her automatisk posta vidare, slik at dei som følgjer oss på Facebook eller Twitter òg får det med seg.

Ope til kl. 20 fire dagar i veka!

Når det nye biblioteket opnar så endrar me på opningstidene slik at biblioteket skal bli så tilgjengeleg som mogleg. Me har analysert utlånsstatistikken dei siste åra, og ser at utviklinga går mot at ein større del av utlånet er på ettermiddagen enn på morgonen. Difor har me valt å prøva ut ei flytting av opningstidene slik at me blir meir tilgjengeleg på kvelden. Dei siste åra har me hatt ope 9-19 måndag-torsdag, 9-15 fredag og 10-14 på laurdag. Frå 17. (eller rettare sagt 18.) oktober blir opningstidene 10-20 måndag-torsdag, 10-16 fredag og 10-15 på laurdag.

Det er få bibliotek som har hatt så gode opningstider som oss dei siste åra. Denne endringa utvidar opningstida med berre 1 time i veka, men for dei som brukar biblioteket etter skulen eller arbeid aukar tilgangen mykje. Dei aller fleste biblioteka har ope frå 10-19, nesten ingen har ope til 20. Det skal bli interessant å sjå om besøket kjem til å forsvara ei slik omlegging. Me kjem til å evaluera omlegginga når det nærmar seg opninga av Nasjonalt Garborgsenter.

Det blir framleis mogleg å gjera avtale om besøk for skuleklassar og barnehagar føre kl. 10.

Ny oppstilling i biblioteket

Når vi set opp eit heilt nytt bibliotek så tek vi sjansen på å tenkje nytt! Oppstillinga blir ganske annleis enn ho har vore, særleg på fagbøker. Vi nyttar eit system som på “bibliotekarsk” blir kalla kategorisering. Vi bryt ein del med Dewey-systemet, ut frå ein tanke om at Dewey-systemet ikkje er spesialtilpassa folkebibliotek!

Eit døme er biografiar. Vi veit at mange lånarar er spesielt interesserte i biografiar, både om forfattarar, politikarar og andre personar som har sett far etter seg. Etter Dewey-systemet skal biografiane spreiast på dei ulike faga, slik at dei blir spreidde på mange ulike stader i samlinga. No set vi opp ein kategori som heiter “Biografiar” der vi samlar alle biografiane i biblioteket, sortert på den omtalte personen.

Dei kategoriane vi har landa på er:
2. VERDSKRIGEN, BIOGRAFIAR, DANS, FILM og TEATER, KOMMUNIKASJON, EVENTYR, FAMILIE & SAMLIV, FEST, FILOSOFI & ETIKK, GARBORG-SAMLING, GARD & HAGE, GLOBALISERING, HELSE & VELVÆRE, HOBBY & FRITID, HUMOR, HUS & HEIM, HUSDYR & KJÆLEDYR, JUL, KUNST, LITTERATUR, LOKALSAMLING, MUSIKK, NATUR & MILJØ, NOREG, TRU OG TVIL, SAMFUNN, SPORT & LEIK, SPRÅK, TEKNIKK, UT I VERDA, VERDSHISTORIE.

Somme av desse kategoriane er ganske enkle og samsvarar bra med det gamle systemet, t.d. “språk” og “litteratur”. Andre blir sett saman av bøker frå ulike stader i Dewey-systemet, t.d. “familie og samliv”, som inneheld alt som har med familieliv og barn sin oppvekst å gjera.

Ein annan ting som vi gjer som eit nytt grep er å slå saman barne- og vaksenavdelinga på fag til “Faktaavdelinga”. Innanfor alle kategoriane vil du finne bøker for barn og vaksne på same reol. Dette er etter mange års røynsle med at ungar slett ikkje nøyar seg med barnebøkene når dei skal skrive oppgåver, dei treng gjerne tekst og bilete frå fagbøker for vaksne òg. Difor plasserer vi barnebøkene på den nedste hylla innanfor kvar kategori. Dei er i tillegg merka med blå eller gul teip. Dette vil òg gjera det enklare for vaksne å finne faktabøker som har litt enklare språk, noko som kan vera ein føremon for fleire.

Det skal bli spennande å sjå korleis dette vil opplevast for brukarane!

Nye arbeidsmåtar i nytt bibliotek

Det nye biblioteket blir om lag 1600 m2 medan vi i dag har 630 m2. Det meste av arealauken kjem av at både samlingar og publikum får betre plass. Grupperom, studieceller og tilrettelegging for rullestol gjer mykje. På den måten kjem samlingane til å dekkje eit større areal enn i dag. Samstundes reknar vi med at besøket kjem til å auke mykje, og at utlånet òg kjem til å vekse. Skal vi klare denne veksten utan å auke talet på årsverk kraftig, skal vi gå over til sjølvhjelpt utlån. Mange av lånarane kjenner dette frå Stavanger og Sandnes, som allereie har automatar for utlån og innlevering.

Utlånsautomat for RFID

Libmaster Baby utlånsautomat for RFID

For å handtere dette har vi valt ein teknologi som blir kalla “RFID”, forkorting for “radiofrekvensidentifikasjon”. I kvart einaste eksemplar biblioteket har av bøker, filmar, lydbøker, dataspel og anna skal vi setje eit klistremerke som inneheld ein radiobrikke. Denne radiobrikken inneheld informasjon som identifiserer boka. Dette forenklar låneprosessen, samstundes som det gjev sikring mot tjuveri.

Automaten vi har valt er på biletet til venstre: Libmaster Baby frå PV Supa. Gangen i utlånet blir slik: Du finn det du vil låne i samlingane våre og går til automaten. Du trykkjer der det står “Utlån” på skjermen. Så legg du lånekortet der du får melding om. Deretter legg du alt du skal låne i ein bunke på plata. Når du ser at alle eksemplara er lista opp på skjermen tek du bøkene og lånekortet og får ei kvittering. Då er lånet registrert og alarmen slått av.

Når du skal levere går du til den same automaten og trykkje på “Innlevering” på skjermen. Legg bunken med det du skal levere på den blå plata og vent til du ser at alt er registrert. Ta bøkene vekk og sorter dei på hylla ved sidan av automaten. Innleveringa er ferdig!

Systemet gjer òg andre delar av arbeidet lettare for dei tilsette. T.d. vil vi gå med ei antenne i handa og leite etter sakna eller tapte bøker. Vi skal òg kunna rydde, ved at utstyret kan finne ut om bøkene står på feil plass.

Om RFID i Wikipedia (engelsk | bokmål)

Ver med og set preg på biblioteket

Jærbladet og Time kommune har sett i gang ein kampanje for å velja sitat som skal stå på veggen til Time bibliotek og Nasjonalt Garborgsenter.

Les heile saka hjå Jærbladet og kom med dine framlegg!

Oversynsbilete over 1. etasje

Oversyn over møblering av 1. etasje, arkitektteikna.

Oversyn over 1. etasje i Time bibliotek

Me jobbar òg med plassering av avdelingar og materiale, og her kan du sjå planteikninga med det påskrive. NB: noko materiale vil verta plassert i 2. etasje, det gjeld media som teikneseriar, musikk, filmar og dataspel for ungdom og vaksne og bøker for ungdom. Den planen kjem seinare. Kom gjerne med kommentarar! For å få større bilete, klikk på det.

Gå rundt i det nye biblioteket

Det nye biblioteket på Forum Jæren byrjar å ta form. No er veggene oppe, og Møbleringsplanen for nye Time bibliotek i perspektivi oktober 2010 blir det opning. No kan du sjå korleis vi tenkjer å utforme 1. etasje. Les resten av dette innlegget »