Fasadane på det nye huset

Her kan du sjå korleis det ligg an med fasadane no. Er du meir interessert i kva som skjer på innsida kan du sjå her. Det har vore mange ulike framlegg til fasadar. Tre ulike vart presentert i 2007, medan ein våren 2008 tenkte mest på glas kring heile huset. Det viste seg vanskeleg å gjennomføra, m.a. på grunn av skjerpa energikrav i den nye byggjeforskrifta.

Fasade mot nordFramlegget som ligg føre no har framleis ein del glas, elles er bygget tenkt dekt av plater med ein arkitekturvev av stål utanpå. Denne arkitekturveven skal òg leggjast på utsida av vindaugo på sørsida som vern mot sola. På veggen bak stålveven vonar ein då å kunna trykkja Garborg-tekstar for å synleggjera at dette både er eit Garborghus og eit bibliotek. Sjå fleire teikningar med forklaringar under. Klikk på teikningane for å få større utgåver. Dei er særs store, så reguler storleiken i nettlesaren din.

Les resten av dette innlegget »

Posta under Bygg . 1 kommentar »

Innsida av det nye huset

For å gjera det lettare å kommentera teikningane kan du sjå dei samla i to ulike postar. Denne for innsida og denne for fasaden. Det er ei forklaring under kvart bilete, med informasjon om kva som er tenkt rundt dei ulike elementa.Time bibliotek og Nasjonalt Garborgsenter

Generelt så kan me seia at me tenkjer mest mogleg samdrift mellom biblioteket og Garborgsentret. I utgangspunktet ynskjer me felles opningstider, felles resepsjon og ein del felles funksjonar elles. Samstundes må me ha høve til å kunna dela av areal dersom det skulle enda slik at biblioteket har stengt på sundag og Garborgsentret på måndag, som ikkje er uvanleg i bibliotek- og museumsverda.

For å sjå bileta i fullformat er det berre å klikka på dei. Dei er særs store, du kan regulera storleiken i nettlesaren din.

Les resten av dette innlegget »

Nye teikningar presentert

Ny skisse av biblioteket og Garborgsenteret

Ny skisse av biblioteket og Garborgsenteret

På formannskapsmøtet 9. desember presenterte Karen Anne Jonassen frå Asplan Viak og Terje Hamre frå Forum Jæren oppdaterte teikningar for bygget. Over er eit dataprodusert bilete av korleis det kan koma til å sjå ut.

PDF-fil med presentasjon av nytt bibliotek og Garborgsenter.

Les meir hjå Jærbladet og Aftenbladet.

Stoda for prosjektet

9. desember blir det møte i formannskapet i Time, med orientering om framdrifta for bibliotekprosjektet som einaste sak. Det kjem til å bli presentert teikningar som viser kvar me ligg per dags dato, dei blir lagt ut her så fort me har dei.

Sakspapiret til møtet finn du her. I sakspapiret finn du òg førebels tidsplan for prosjektet.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.