Time og Klepp kommunar samarbeider tett om det ein kallar universell utforming. Alle bygg skal utformast slik at dei blir tilgjengelege for alle, men med så få spesialtilpassingar som mogleg. Dette er viktig for det nye biblioteket og Garborgsenteret òg. Ein skal kunne bruke huset som møteplass, vera med på tilskipingar, låna bøker og andre ting same korleis ein er utstyrt med hørsel, syn eller andre fysiske og psykiske utfordringar. Målet er å utforma slik at det ikkje vert eigne løysingar for funksjonshemma, men at løysingane skal kunna brukast av alle!
Kommunane har laga nokre rettleiingar for korleis ein skal jobba med universell utforming. Dei vert brukte i arbeidet med korleis både biblioteket, Garborgsenteret og områda rundt skal sjå ut.
Kva meiner du bør gjerast? Korleis skal me trekkja dei det gjeld mest inn i arbeidet?
Litt lesestoff:
2. juli 2009 ved 09.53
Her er ein ny rapport frå ABM-utvikling. Rapporten tek for seg universell utforming i vid forstand. Spørsmål som blir belyst er blant anna: Kva betyr universell utforming innafor arkiv-, bibliotek – og museumssektoren? Først og fremst betyr det at nye brukargrupper kan ta i bruk kulturarenaene, og at målgruppa for arenaene blir utvida.
Universell utfoming vert i denne rapporten delt inn i 3 arbeidsområde:
1)tilgjenge ute og inne.
2)formidling av skriftleg informasjon
3)tilgjengelege nettsider
Les meir på linken under:
http://www.abm-utvikling.no/publisert/rapporter/universell-utforming-innen-abm-sektoren.html/