Kva gjer andre?

Time kommune er ikkje den einaste kommunen som skal ha nytt bibliotek. Deichmanske bibliotek, folkebiblioteket i Oslo, har planlagd nybygg i mange år, etter å ha vore 75 år i eit bygg som eigentleg aldri vart ferdig. Fyrst skulle dei til Galleri Oslo, der Oslo Bussterminal og Akershus fylkeskommune ligg i dag. Så var Vestbanen under planlegging i mange år – før byrådsleiar Erling Lae og kulturminister Trond Giske i vår fann ut at dei skulle leggja omtrent alt av kultur til Bjørvika i nærleiken av den nye operaen.

Tord Høivik, fyrsteamanuensis ved bibliotek- og informasjonsstudia ved Høgskolen i Oslo, er ein ivrig bloggar og bibliotekdebattant. Han understreker at medan biblioteket før i stor grad stod i motsetnad til industrisamfunnet sine produksjonsmåtar, bør biblioteket vera i sentrum for samfunnet som utviklar seg no: kunnskapssamfunnet. Les resten av dette innlegget »

Biblioteket skal vera for alle!

Time og Klepp kommunar samarbeider tett om det ein kallar universell utforming. Alle bygg skal utformast slik at dei blir tilgjengelege for alle, men med så få spesialtilpassingar som mogleg. Dette er viktig for det nye biblioteket og Garborgsenteret òg. Ein skal kunne bruke huset som møteplass, vera med på tilskipingar, låna bøker og andre ting same korleis ein er utstyrt med hørsel, syn eller andre fysiske og psykiske utfordringar. Målet er å utforma slik at det ikkje vert eigne løysingar for funksjonshemma, men at løysingane skal kunna brukast av alle!

Kommunane har laga nokre rettleiingar for korleis ein skal jobba med universell utforming. Dei vert brukte i arbeidet med korleis både biblioteket, Garborgsenteret og områda rundt skal sjå ut.

Kva meiner du bør gjerast? Korleis skal me trekkja dei det gjeld mest inn i arbeidet?

Litt lesestoff:

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.