Jærbladet og Time kommune har sett i gang ein kampanje for å velja sitat som skal stå på veggen til Time bibliotek og Nasjonalt Garborgsenter.
Jærbladet og Time kommune har sett i gang ein kampanje for å velja sitat som skal stå på veggen til Time bibliotek og Nasjonalt Garborgsenter.
Me jobbar òg med plassering av avdelingar og materiale, og her kan du sjå planteikninga med det påskrive. NB: noko materiale vil verta plassert i 2. etasje, det gjeld media som teikneseriar, musikk, filmar og dataspel for ungdom og vaksne og bøker for ungdom. Den planen kjem seinare. Kom gjerne med kommentarar! For å få større bilete, klikk på det.
Det nye biblioteket på Forum Jæren byrjar å ta form. No er veggene oppe, og
i oktober 2010 blir det opning. No kan du sjå korleis vi tenkjer å utforme 1. etasje. Les resten av dette innlegget »
17. august vart byggestarten av Time bibliotek og Nasjonalt Garborgsenter markert på tomta. Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa tok grep og sette spaden i jorda. Hausten 2010 opnar det nye biblioteket, vinteren 2011 Garborgsenteret.
Markeringa fekk brei dekking i media:
Jærbladet: Starten på ei storsatsing
Stavanger Aftenblad: Byggjestart Nasjonalt Garborgsenter
NRK Rogalandsnytt: Første spadetak for Garborgsenteret (Nett-TV)
Les meir hjå Time bibliotek. Du finn bilete frå markeringa på Facebook.
Det seier ordførar Arnfinn Vigrestad når kommunen inviterer til markering av byggestart for Time bibliotek og Nasjonalt Garborgsenter måndag 17. august kl. 10. – Me har jobba med denne saka i over 15 år, og no skal det bli godt å setja spaden i jorda. Les meir hjå Time bibliotek.
Det skriv Jærbladet om kommunestyremøtet i går, etter at kommunestyret med 26 mot 1 røyst gjekk inn for den framforhandla avtalen mellom Time kommune og Forum Jæren II AS om bygging av nytt bibliotek og Garborgsenter på Bryne. Les meir hjå Jærbladet.
Etter ein anbodsprosess der det vart henta inn tilbod frå 6 ulike arkitektfirma, enda valet på Martha Lundesgaard MNIL. Valet vart gjort etter ei vurdering ut frå ein kombinasjon av pris, referansar og framlegg til arbeidsprogram.
Lundesgaard har mellom anna gjort bibliotek som Eidsberg, Vadsø og Sandnes, alle kjende som gode bibliotek med fine løysingar.
Dei andre tilbydarane har framleis høve til å klaga på avgjerda, klagefristen er 15. juni.
19. mai skal Time formannskap handsama avtalen med Forum Jæren om bygging av Time bibliotek og Nasjonalt Garborgsenter. Sakspapiret kan lastast ned her. Vil du sjå arkivsaka med sjølve avtala kan du klikke her. Pressa har allereie teke tak i saka, du kan fylgja med og debattera både hjå Jærbladet og Aftenbladet.
Eirik Newth er ein ivrig bibliotekdebattant, og har mellom anna sete i styret i Norsk bibliotekforening i fire år. 23. januar var han på hundreårsjubileet til Bærum bibliotek. Då kvitterte han med ein tale som er skriven til 110-årsjubileet – dvs. i 2019. Du finn talen her. Trur du Eirik Newth har rett i spådomane?
Her kan du sjå korleis det ligg an med fasadane no. Er du meir interessert i kva som skjer på innsida kan du sjå her. Det har vore mange ulike framlegg til fasadar. Tre ulike vart presentert i 2007, medan ein våren 2008 tenkte mest på glas kring heile huset. Det viste seg vanskeleg å gjennomføra, m.a. på grunn av skjerpa energikrav i den nye byggjeforskrifta.
Framlegget som ligg føre no har framleis ein del glas, elles er bygget tenkt dekt av plater med ein arkitekturvev av stål utanpå. Denne arkitekturveven skal òg leggjast på utsida av vindaugo på sørsida som vern mot sola. På veggen bak stålveven vonar ein då å kunna trykkja Garborg-tekstar for å synleggjera at dette både er eit Garborghus og eit bibliotek. Sjå fleire teikningar med forklaringar under. Klikk på teikningane for å få større utgåver. Dei er særs store, så reguler storleiken i nettlesaren din.